Merkedag for barnehagesektoren

Oppstartsdagen for leiarutdanninga samla i alt 70 deltakarar frå dei sju kommunane i Sogn regionråd

Leiar i Sogn regionråd Torodd Urnes”Dette er ein merkedag for barnehagesektoren i Sogn, og ikkje minst for Sogn regionråd”. Med desse orda opna leiar i Sogn regionråd Torodd Urnes sitt kvalitetsløft for barnehagesektoren. Mykje av grunnlaget for livslang læring blir lagt i barnehagen, sa Urnes. Det er ein av våre viktigaste læringsarenaer. No er tida mogen for å satse på barnehagen slik vi har satsa på skulesektoren. 
 
Sats på barnehagen - snu Sogn er delprosjekt i Sogn regionråd sitt skule- og samfunnsutviklingsprosjekt, og står på tre føter; utvikling av kommunane som barnehageeigarar, etablering og utvikling av fagnettverka for dei sju fagområda i rammeplanen og leiarutdanning. Meir enn 30 styrarar og pedagogiske leiarar skal følgja 2-årig leiarutdanning. 
 
Oppsummering frå innlegga og presentasjonane på oppstartsdagen finn du under. Takk til alle som deltok!

Velkomen 
Torodd Urnes, leiar i Sogn regionråd 
Stolte og unike: Velferdsutvikling i kommunal regi
Siri Westgård, fagleiar i KS
Profesjonelle profesjonsutøvarar i ei ny tid
Gunn Marit Haugsbø, fylkesleiar i Utdanningsforbundet
Sats på inkluderande arbeidsliv!
Tore Thorsnes, fylkesdirektør NAV 
Leiarutdanning: Eit springbrett for barnehageutvikling
Heidi-Kathrin Osland, styreleiar Høgskulen i Sogn og Fjordane
Barnehageleiarens arbeid med personalutvikling - kan barnehagane bli lærande organisasjonar
Knut Roald, dosent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane
 
Program

Oppsummering

2010-12-02 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut