Møte 1. april

Sogn regionråd løyvde omstillingsmidlar til Njøs Næringsutvikling og i sak om reiselivsorganisering ba rådet om ei utdjuping i ein forstudie før saka kjem attende til regionrådet

Årsmelding og rekneskap for 2010 vart godkjent i møtet. Det vart vedteke å ikkje etablera eit interkommunalt friluftsråd.

Varaordførar Lars Petter Nesse og rådmann Alf Olsen i Lærdal kommune orienterte om samhandlingsreforma og samhandlingsprosjektet dei vil invitera dei andre kommunane til å vera med på. 

Rådet fekk orientering frå Arne Glenn Flåten i Visit Sognefjord om prioriteringar, tiltak og organisering og frå Ivar- Bjarne Underdal om visjonar og vidare satsingar i Aurland ressursutvikling as. 

Saksdokument og presentasjonar

2011-03-18 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut