Møte 17. juni

Rådet vedtok å starta opp forprosjekt om reiselivsorganiseringa. I utgreiinga vil dagens situasjon bli kartlagt og det vil koma forslag til alternative måtar å organisera reiselivet på.

Samhandlingsreforma var tema for dei to første orienteringane: Ørjan Raknes Forthun, leiar for felles arbeidsgruppa for KS og Helse Førde, presenterte arbeidet for å vurdera samhandlings- og avtalestrukturen. Samhandlingssjef Vidar Roseth fortalte om dei prosjekta som er starta opp i Sogn og i resten av fylket. 

Dagleg leiar Stein Harald Hjeltnes presenterte satsingsområde, produktutvikling og nettverksbygging for Njøs Næringsutvikling i Leikanger. Sogn regionråd har bidrege med omstillingsmidlar i fem år med 2011 som siste året.  "Det har lukkast å skapa ei næringsklynge på Njøs i Leikanger med støtte frå mellom anna Sogn regionråd", sa han. Næringsklyngja har no 13 tilsette. 

Det er kome nytt næringshageprogram og satsinga går over 10 år, med søknadsfrist i midten av oktober. Lars Hustveit frå fylkeskommunen presenterte det nye programmet. Fylkeskommunen ønskjer 3-4 næringshagar i fylket.

Kommunane vil få planutkast for overgrepsmottakt i Sogn og Fjordane på høyring før sommarferien. Helge Ulvestad frå SYS-IKL orienterte om prosjektet, aktuelle modellar og organisering for felles overgrepsmottak. Kommunane vil bli bedne om å ta stilling samarbeidet i desember 2011. 

Saksdokument og presentasjonar

2011-06-01 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut