Møte 2. desember

Rådet vedtok tiltaksplan, budsjett og sette av midlar til bruk av Framtidsfylket sin nettportal i 2012.

Prosjektleiar Claus Røynesdal orienterte kort om status, utfordringar og vidare framdrift i prosjektet Sats på skulen - snu Sogn. Nokre regionale grep i prosjektet er leiarutdanning, tett regionalt samarbeid, fagnettverk, barnehagesatsinga, entreprenørskap som ein raud tråd og å vera ein arena for utvikling.

Ivar Offerdal frå Høgskulen i Sogn og Fjordane orienterte rådet om entreprenørskap i Europa og utfordringar for Sogn. Korleis skal skuleverket og lokalsamfunnet møta framtidas utfordringar. Offerdal kom med konkrete utfordringar/tiltak for Sogn mellom anna bør entreprenørskapsarbeidet i skulen forankrast på alle nivå også politisk, i tillegg bør kommunane styrka kompetansebygging og samarbeidet mellom skule og næringsliv.

Prosjektleiar Synnøve Aabrekk orienterte styringsgruppa for reiselivsorganisering om status og vidare arbeid i forprosjektet. Det vert laga eige referat frå møtet.

Saksdokument og presentasjonar

2011-11-17 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut