Representantar i forhandlingsutvalet er ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar frå dei deltakande kommunane. Tillitsvalde deltek og rådmennene er sekretariat for forhandlingane. Forhandlingane starta med seks av kommunane. Etter brotet 1. februar held fire av kommunane fram i forhandlingene. Forhandlingsutvalet frå Balestrand, Leikanger, Sogndal og Vik er samde om intensjonsavtale for èin ny kommune: Sogn kommune.

Intensjonsavtalen vil bli handsama i kvar kommune. Intensjonsavtalen vil danne grunnlaget for ei folkerøysting 23. mai og kommunestyra vil i juni ta stilling til ev. kommunesamanslåing.

Arild Sørum Stana frå KS Konsulent er prosess- og prosjektleiar.

7.-8. januar 2016, Årdal
15. januar 2016, Vik (Blix Hotell) 
20. januar 2016, Sogndal (Quality Hotel Sogndal)
1. februar 2016​, Leikanger (Sognefjord Hotel)
26. februar 2016 (Quality Hotel Sogndal)