Fylkesmann Anne Karin Hamre og prosjektleiar Kåre Træen orienterte rådet om moglegheiter og utfordringar i kommunereforma, og status elles i fylket. Rådet drøfta den vidare prosessen.

Innkjøp var tema på møtet: Innkjøpssjef Katrine Røkke Wilson frå fylkeskommunen orienterte om handlingsrommet innanfor regelverket for innkjøp og prosjektleiar Siri Stavang frå NHO Sogn og Fjordane informerte om det nasjonale programmet Leverandørutvikling om korleis skapa næringsutvikling gjennom offentlege anskaffingar.

Prosjektleiar Solfrid Fossberg frå Sogn og Fjordane Taxiforbund heldt innlegg om drosjenæringa i vårt fylke.

Møteinnkalling
Møteprotokoll

Vedlegg:
Forretningsplan for Visit Sognefjord og budsjett 2015 med marknads- og tiltaksplan
Rapport Kommunestruktur Sogn - faktautgreiing

Presentasjonar:
Kommunereforma, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Innkjøp - handlingsrommet, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Programmet Leverandørutvikling, NHO
Drosjenæringa, Sogn og Fjordane Taxiforbund

Høyanger rådhus Solveig Haukaas.jpg
Høyanger har fått nytt rådhus og i møtet overrekte regionrådsleiar Harald N. Offerdal eit oljemåleri av kunstnaren Solveig Haukaas til ordførar Petter Sortland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK Sogn og Fjordane.