Møte i Sogn regionråd 20. april

Reiselivsorganiseringa i Sogn, flyplassveg, evaluering av "Sats på skulen - snu Sogn" og vidareføring av barnehage- og skulesamarbeidet var blant sakene i regionrådsmøte.

Sogn regionråd tilrår at kommunane etablerer eit felles reisemålsselskap saman med næringa slik som skissert i rapporten Reiselivsorganisering i Sogn.

Sogn regionråd tok evalueringsrapporten "Sammen så veie vi flere tonn..." til vitande. Rådet tilrår at kommunane etablerer eit varig regionalt barnehage- og skulesamarbeid.

Sogndal si rolle som regionsenter er bakgrunnen for at Sogndal kommune orienterte om sine planstrategiar i møtet, og rådet kan gje innspel på strategiane.

Ass. fylkesdirektør Per Jørgen Loen og rektor Marta Sofie Vange orienterte om status og utfordringar for vidaregåande opplæring.

Saksdokument og presentasjonar

2012-04-10 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut