Møte i Sogn regionråd 6.12.2013

Sogn regionråd vedtok å setja av midlar til produkt- og marknadsanalyse for heilårs reiseliv

Høyringssvar om ferjeruter vart drøfta i møtet. Samferdslegruppa ferdigstiller innspelet som rådet kan slutta seg til innan høyringsfristen.

Sogn regionråd gav tilskot til Visit Sognefjord i 2013 og 2014 og til Framtidsfylket sine karrieremesser i Bergen og Trondheim neste år.

Rådet fekk orientering om Sogn Jord- og Hagebruksskule ved rektor Bjørg Fritsvold, om plan for prehospitale tenester ved prosjektleiar Stian Sægrov i Helse Førde og om den nasjonale restruktureringsprosessen av destinasjons- og landsdelsselskapa ved reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord. Sjå presentasjonane under.

Møteinnkalling
Sak 37/13 Høyring ferjeruter Vedlegg: Høyringsbrev og rutetabellar 2 ferjer Hella-Vangses-Dragsvik3 ferjer Hella-Vangsnes-Dragsvik og Mannheller-Fodnes
Møteprotokoll

Vedlegg:
Marknads- og tiltaksplan for Visit Sognefjord
Evaluering av karrieremesser og Åtgaum
Rapport frå TØI, 2012

Presentasjonar:
Sogn Jord- og Hagebruksskule
Plan for prehospitale tenester
Nasjonal restruktureringsprosess


 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS