Møte med regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen

Regionråda møttest i Skjolden for å drøfta aktuelle saker. Sogn regionråd vil byggja allianse mot naboregionen og avklara om vi har felles interesser for vegsambandet Stavanger-Trondheim om Sogn

Statens vegvesen ved Paal Fosdal orienterte om aktuelle vegtrasear om Sogn. Regionråda drøfta vegsambandet og det kom forslag til vidare arbeid. Regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen vil vurdera sitt engasjement for vegsambandet. Sogn og Fjordane fylkeskommune deltok i møtet.

Regionråda presenterte aktuelle prosjekt  og drøfta aktuelle samarbeidsområde etter lunsj. Regionsjef Ole Aasaaren orienterte om lokalmedisinsk senter i Nord-Gudbrandsdalen mellom anna om organisering, utfordringar og oppgåvefordeling. Leiar i programstyret Jarle Aarvoll orienterte om prosjektet Sats på skulen - snu Sogn; om bakgrunnen for prosjektet, kvifor kommunane er gode på skule og barnehage og det "regionale" grepet.

Presentasjonane:
Vegsambandet Bergen-Trondheim om Sogn
Lokalmedisinsk senter i Nord-Gudbrandsdalen
Sats på skulen - snu Sogn

2011-11-08 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut