Møte om bustadutvikling i Sogn

Meir enn 30 deltakarar møttest for å diskutera bustadbehov, utfordringar og moglege løysingar for meir variert bustadmarknad i Sogn

Sogn regionråd er i gang med å utarbeide ein regional bustadstrategi og ønskjer kunnskap og erfaringar for dei som har førstehandskjennskap til temaet. Møtet samla deltakarar frå byggje- og eigedomsnæringa, kommunane, Husbanken, fylkeskommunen, Fylkesmannen og Distriktssenteret. 

Petter Sortland, leiar i Sogn regionråd, ønskte velkomen til møtet og trekte fram at regionrådet den siste tida har retta meir fokus på bustadutvikling som nødvendig tiltak for tilflytting og folketilvekst. Innleiarane var prosjektleiar Arne Kringlen, Trude Risnes frå Distriktssenteret og Jan Rune Årøy frå Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, sjå presentasjonane under.

Tema som vart diskutert var forventningar til regional bustadstrategi, utfordringar i bustadmarknaden i Sogn, kommunane si rolle og verktøy for å løyse utfordringane. Arbeidet på møtet 11. mai er eit viktig bidrag til den regionale bustadstrategien for Sogn.  

Arbeidsgruppa vil drøfta framlegg til strategi før den vert presentert for Sogn regionråd i møtet 17. juni 2016.

Presentasjonar
Bustadmarknaden i Sogn ved Arne Kringlen
Bustadpreferansar i distrikta ved Trude Risnes
Bustadutvikling i Sogn ved Jan Rune Årøy

Program

Les meir om prosjektet

 

 

2016-05-23 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut