Næringsnettverket samla i Vik

Næringssjefane i Sogn møttest for å diskutera aktuelle saker og besøkte Highsoft som vart kåra til "Årets gründer" i Sogn og Fjordane i 2012

Highsoft utviklar grafisk verktøy som skal gjera det lett å visualisera data direkte i internett. Dagleg leiar Grete Hjetland og gründer Torstein Hønsi fortalte om verksemda og at dei har fokus på å vera i forkant av teknologiutviklinga og nye trendar. Highsoft vann prisen som "Årets gründer" i Sogn og Fjordane i 2012.  Verksemda har ni tilsette i Vik.

Næringssjef Odd Rune Turvoll orienterte om næringslivet i Vik. Næringsnettverket diskuterte tema til Aurlandskonferansen (fokus på virkemiddelapparatet og få fram dei gode døma i regionen), arenaer for gründerar om finansieringskjelder for bedriftsetableringar og verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane.

Les meir på Vik kommune si nettside

Næringsnettverket
Frå venstre: Arve Tokvam (Lærdal), Per Holen (Leikanger), Johannes Sjøtun (Balestrand), Olav Grov (Luster),
Grethe Hjetland (Highsoft), Bård Huseby (Sogndal), Odd Rune Turvoll (Vik), Karina Nerland (Sogn regionråd), Torstein Hønsi (Highsoft)

2014-04-03 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut