Ny programleiar

Hanne Hjelmeland Ørnehaug er byrja i stillinga som programleiar for barnehage- og skuleutvikling i Sogn regionråd

Hanne Hjelmeland Ørnehaug har arbeidd som avdelingsleiar ved Høyanger skule og var stedfortredar for rektor. Ho er utdanna lærar, har teke rektorskulen og har vidareutdanning innan fleire av satsingsområda ho skal jobbe med i utviklingsprogrammet. Utover arbeidserfaring frå oppvekstsektoren og utviklingsretta arbeid, har ho i mange år hatt ulike politiske verv i Høyanger kommune. 

Programleiar har ansvar for å leie, koordinere og følgje opp det regionale barnehage- og utviklingsprogrammet "System for styrka læring". Skule- og barnehageutvikling i Sogn er kjenneteikna av breitt samarbeid mellom kommunane og andre organisasjonar og etatar.

Hanne Hjelmeland Ørnehaug tok til i stillinga 1. januar 2017.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS