Ny psykolog

Magnus Lia er byrja i stillinga som psykolog i folkehelsearbeidet for regionrådskommunane 

Magnus LiaMagnus Lia har erfaring frå barne- og ungdomspsykiatrien og døgnbasert arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta.

Han kjem mellom anna til å rettleia og undervisa personale i barnehage, skule, helseteneste, barnevern og PPT samt undervisa og driva forskings- og utviklingsarbeid ved profesjonsutdanningane på høgskulen. 

Stillinga er eit samarbeid mellom kommunane i Sogn regionråd og Høgskulen på Vestlandet. Dei ni kommunane satsar heilskapleg på barnehage- og skuleutvikling. I det regionale utviklingsprogrammet "System for styrka læring" er psykisk helse eitt av seks strategiområde.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS