Ny psykolog

Magnus Lia er byrja i stillinga som psykolog i folkehelsearbeidet for regionrådskommunane 

Magnus Lia

Magnus Lia har erfaring frå barne- og ungdomspsykiatrien og døgnbasert arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta.

Han kjem mellom anna til å rettleia og undervisa personale i barnehage, skule, helseteneste, barnevern og PPT samt undervisa og driva forskings- og utviklingsarbeid ved profesjonsutdanningane på høgskulen. 

Stillinga er eit samarbeid mellom kommunane i Sogn regionråd og Høgskulen på Vestlandet. Dei ni kommunane satsar heilskapleg på barnehage- og skuleutvikling. I det regionale utviklingsprogrammet "System for styrka læring" er psykisk helse eitt av seks strategiområde.

2017-11-03 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut