Nytt reisemålsselskap i Sogn

Nye Visit Sognefjord AS vart skipa på møtet 14. februar 2013.

Ialt 150 aksjonærar har kjøpt aksjar i det nye selskapet. Interessa for og viljen til å få på plass eit nytt reisemålsselskap i Sogneregionen har vore stor. Kommunane og næringa har stilt breitt opp og kjøpt aksjar for over 2,1 mill.kr. Kommunane sin aksjeandel utgjer 30% og næringa sin del 70%.

Visit Sognefjord sine hovudoppgåver vil vera marknadsføring og sal, kompetanseheving og produktutvikling. Selskapet skal vera aktørane i reiselivsnæringa sin viktigaste samarbeidspartnar i arbeidet med å posisjonera og auka lønnsemda i reiselivsnæringa i Sogn. Visjonen for selskapet er å gjera Sognefjorden til eit reisemål i verdsklasse! Prospektet utarbeidd av interimstyret inneheld forretningside, strategiar og organisering i selskapet.

2013-02-15 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut