Om Sogn regionråd

Sogn regionråd er eit samarbeidsorgan for kommunane Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik.

Sogn regionråd skal vera ein felles arena med fokus på å sikra og vidareutvikla rammevilkåra for busetnad og næringsliv i regionen. Sogn regionråd skal også fungere som base for definerte prosjekt og vidare ha som mål å samordna og forenkla oppgåver for eigarane.

Rådet har vanlegvis 6 møte i året. Leiar i rådet er ordførar Noralv Distad, Aurland kommune. Rådet har slik samansetnad:
Noralv Distad, ordførar Aurland kommune (leiar)
Jarle Aarvoll, ordførar Sogndal kommune (nestleiar)
Marta Finden Halset, ordførar Vik kommune
Ivar Kvalen, ordførar Luster kommune
Olav Lunden, ordførar Leikanger kommune
Harald Offerdal, ordførar Balestrand kommune
Jan Geir Solheim, ordførar Lærdal kommune

Les rådet sine vedtekter. 

Det er laga retningslinjer for handsaming av søknader frå personar eller organisasjonar. Les retningslinjene.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS