Om Sognebåten på politikardagen

Sogn regionråd orienterte fylkespolitikarane om tiltak for å utvikla Sognebåten

I lag med Visit Sognefjord og næringa presenterte Sogn regionråd moglegheitene for å utvikla rutetilbodet for Sognebåten. I presentasjonen vart det vist til at det er venta 5-15% årleg vekst i reiselivet og den framtidige veksten må kome i skulder- og vintersesongen. 

Tiltaka er å utvida sommarruta med to månader (april og oktober) frå 2017 og å utvida heilårsruta med start /stopp i Flåm i staden for Sogndal frå 2018. Det vert lagt opp til at næringa finansierer fullt ut utvida sommarrute. For heilårsruta blir fylkeskommunen bedne om å finansiera driftskostnadane, medan næringa dekker marknadsføring og sal.

Utgreiing om endringar i rutetilbodet for Sognebåten er utført av Synnøve Aabrekk Reiselivsrådgjeving på oppdrag frå Sogn regionråd.

Presentasjon politikardag 26.9.2016

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS