På reise med lærande nettverk – og gamalost frå Vik!

Leiing er læring, og læring er leiing. Grenseområda er vekstområde, det er der nyskapinga skjer. Fire utviklingsagentar frå Sogn kryssa nyleg fylkesgrensa og formidla røynslene våre om lærande regionale nettverk for seks av kommunane i Sunnhordland

Utdanningsdirektoratet har i løpet av dei siste åra sett eit stadig sterkare fokus på lærande nettverk som metode for utvikling av barnehagar og skular. I Sogn har vi solid røynsle med denne metodikken, heilt attende til 1999. Stadig fleire regionar og kommunar ynskjer å lære av oss.  Kommunane i Sogn skil seg ut frå landet elles spesielt på tre område; satsinga på psykisk helse, satsinga på entreprenørskap som læringsstrategi og satsinga på lærande nettverk som metode for pedagogisk utvikling.

Den 7. november 2014 var dei seks kommunalsjefane i Forum for Oppvekst i Sunnhordland (FOS) på studietur til Sogn regionråd. Fredag 5. juni var det dags for gjensyn på Stord, då 115 kommunalsjefar, rektorar, styrarar, tillitsvalde, høgskuletilsette og pp-tenesta deltok på FOS si dagsamling om lærande nettverk.

Claus Røynesdal, programleiar i System for styrka læring, fortalte om ulike perspektiv på utviklingsarbeid. Hovudtillitsvald Anne Siri Bentsen frå Utdanningsforbundet i Sogn og Luster teikna rammene for medeigarskap, samskaping og forankring. Rektor på Flatbygdi skule i Vik og leiar av rektornettverket i Sogn, Ole Jørgen Øygarden, fortalde om oppbygging av nettverka. Tenesteleiar for barnehagane i Sogndal kommune, Karin Johansen, presenterte soga og suksessen med lærande nettverk i barnehagesektoren i regionen. Det mest overraskande momentet var nok rektor Øygarden som serverte gamalost frå Vik – ostekanapear til heile møtelyden!

Presentasjonen frå samlinga finn du her. Gamalost finn du på butikken!

FOS; Forum for Oppvekst i Sunnhordland, er eit interkommunalt samarbeidsorgan for seks av kommunane i Hordaland; Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Sveio. Hovudmål for FOS er å samarbeida om oppgåver som vert løyste betre på regionalt nivå enn på lokalt nivå. Du kan lese meir om FOS på nettsida: www.fos-sunnh.no

Bilde FOS samling 5.6.2015 (1).jpg

Rektor Ole Jørgen Øygarden tek salen med storm og serverar det beste frå Vik!

 

Bilde FOS samling 5.6.2015 (2).jpg

Fire nøgde utviklingsagentar frå Sogn; Claus Røynesdal, Ole Jørgen Øygarden, Anne Siri Bentsen og Karin Johansen.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS