Pangstart for arbeidet med fagnettverk i barnehagane i Sogn

440 kunnskapsarbeidarar var i sving då Sogn regionråd arrangerte barnehagestemne for fyrste gong 2. januar 2013


Kvalitetsutvikling av barnehagane har i fleire år vore eit prioritert satsingsområde for kommunane i Sogn regionråd. Leiarutdanning har til no vore eit viktig tiltak. Den 2. januar tok barnehagetilsette i Sogn neste skritt i kvalitetsutviklinga; bruk av arbeidsmetoden fagnettverk. Rammeplanen for barnehagane har sju fagområde. Fagnettverk er ei metode å arbeide systematisk over tid med å utvikle det faglege innhaldet i barnehagane. Fagnettverk er eit verktøy som spesielt skulane i Sogn og Fjordane har lang røynsle med. Frå forskarhald blir det peikt på at nettopp regionale fagnettverk er noko av det som forklarar kvifor fylket har så gode skulefaglege resultat over tid.

I forkant av den 2. januar hadde dei åtte kommunane i Sogn regionråd fordelt seg slik at ei arbeidsgruppe frå kvar kommune hadde ansvar for eitt av dei sju fagområda (Aurland og Lærdal delte på nettverk ”Tal, rom og form”). På barnehagestemnet presenterte kvar arbeidsgruppe utfordringane i rammeplanen for ”sitt” fagområde. Dei gjekk gjennom smarte måtar å arbeide med innhaldet på. Etterpå vart det diskusjonar og erfaringsutveksling om gode grep i arbeidet med fagområdet.

Deltakarane frå dei åtte kommunane skal samlast i dei sju fagnettverka to gongar i året, etter ein oppsett plan. Her blir det ekskursjonar til barnehagar som er spesielt gode, kurs og faglege oppdateringar, erfaringsutveksling og læring av kvarandre.

Knut Roald, dosent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, utfordra oss på metodikken i fagnettverka. Han peikte på sju sentrale moment for at metoden skal fungere optimalt:

  1. Alle må vere skriftleg førebudde.
  2. Leiarane for fagnettverka må ha reist førebuingsspørsmål på førehand.
  3. Ein må ikkje gå frå kvarandre før ein har avtalt kva ein konkret skal gjere til neste gong; kva ein skal lese av faglitteratur, kva ein skal leggje fram av forslag, kva ein skal gjere neste gong.
  4. Møteleiing på omgong.
  5. Rekkeframlegging. Kvar deltakar i nettverket legg fram sine synspunkt før diskusjonane tek til.
  6. Diskuter det positive med eit forslag/ tiltak, før ein diskuterer det negative/ utfordringane med framlegget. Sorter synspunkta i grupper.
  7. Ikkje avslutt nettverkssamlinga utan å bli einige om milepelar og ansvarsfordeling til neste møte.

Program 

Fagnettverk og kvalitetsutvikling i barnehagesektoren
Knut Roald, dosent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

Korleis gjer vi det? Praktiske grep  ved arrangørgruppa Claus Røynesdal, Karin Johansen og Hilde Valvik Menes

Kurskompendium om leiing av lærande organisasjonar av Knut Roald

Dokument frå møta i fagnettverka 2. januar blir fortløpande lagt ut etterkvart som dei kjem til regionrådet:

Etikk, religion og filosofi (Luster)

Føreleserar bilete

Bilete deltakarar

 

 

 

 

 

 

 

Innleiarane Åslaug Krogsæter, Ivar Kvalen, Gunn Marit Haugsbø og Knut Roald og deltakarar frå den eine salen.

 

 

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS