Dei fire partane er Sogn og Fjordane fylkeskommune, NHO Sogn og Fjordane, LO Sogn og Fjordane og Sogn regionråd.

Fagarbeidarar er ei etterspurt gruppe som det vil bli mangelvare av framover. Prognoser viser eit stort behov for fagarbeidarar innan pleie og omsorg og oppvekst. Andelen elevar som søkjer yrkesfag er høgare i Sogn og Fjordane enn landssnittet, og det har vore auke i tal læreplassar siste åra.

Årleg er det meir enn 100 ungdommar i Sogn som treng læreplass. Med god tilgang på læreplassar vil fleire fullføra utdanninga og vi får fagarbeidarkompetanse som vi treng i vår region, sa regionrådsleiar Petter Sortland i innleiinga si. For kommunane vil fag som byggdriftar, kontor- og administrasjon og IKT-service vera aktuelle i tillegg til helse- og oppvekstfaga som kommunane alt har læreplassar for.

Fylkesdirektør Bekka Skaasheim sa at partane arbeider mot felles mål. Overgangen mellom skule og bedrift er kritisk og lokal innsats er avgjerande for at regionen får dei læreplassane som det er behov for. Lærlingen er ein ressurs for arbeidslivet. Kommunane kan vera gode ambassadørar for lærlingeordninga og sørge for å gje god yrkesrettleiing til elevar i grunnskulen.

Kommunane må gå føra og "trakka veg", var oppmodinga frå Nils P. Støyva. Han viste til at Luster kommune har flest lærlingar av regionrådskommunane, og har læreplassar i mange fag. Vik kommune tilbyr jobb etter endt læretid og Høyanger kommune krev at anbydarar har lærlingar. KS tilrår no at kommunane tek inn 2 lærlingar pr 1000 innbyggjar. I samfunnskontrakten som vart fornya i mars mellom regjeringa og partane i arbeidslivet, er eit av grepa som blir trekt fram meir lokal innsats i arbeidet med å skaffe læreplassar. Partnarskapsavtalen i Sogn er i tråd med det lokale arbeidet som kontrakten oppmodar om.

Tre av partane - Sogn regionråd, Sogn og Fjordane fylkeskommune og LO Sogn og Fjordane - signerte avtalen på Blix Hotell i Vik. NHO Sogn og Fjordane hadde ikkje høve til å vera med, og signerer i etterkant.

Partnarskapsavtalen i Sogn

Samfunnskontrakten

Presentasjonar:
Sogn regionråd ved leiar Petter Sortland

LO Sogn og Fjordane ved Nils P. Støyva