Plan for arbeidet for god psykisk helse hjå barn og unge

Målet med planen er at arbeidet med å styrka barn og unge si psykiske helse og trivsel får større merksemd i regionen

Undersøkingar viser at halvparten av alle vaksne opplever psykiske vanskar i løpet av livet, og 15-20 % av barn og unge under 18 år har redusert funksjon pga. symptom på psykiske lidingar som depresjon og angst. Dette viser behovet for merksemd på psykisk helse for alle som arbeider med barn og unge. Det er eit samfunnsansvar å leggja til rette for gode utviklingsforhold for psykisk helse der barn- og unge ferdast til dagleg.  

Omgrepet «psykisk helse» vert oppfatta på ulike måtar. I denne planen omtalar vi psykisk helse som ein positiv ressurs, og legg vekt på at miljøet er ein avgjerande faktor i barn og unge si utvikling av psykisk helse. Sunn psykisk helse dannar grunnlaget for trivsel, læring og deltaking. Psykisk helse handlar om evna til å tola og handtera kvardagslivet si blanding av medgang og motgang, og til å fungera i samspel med andre.

Sogn regionråd tok initiativ til å få laga planen, og tilsette ved skular og barnehagar i kommunane i regionen har vore aktivt involverte i arbeidet. Målet med planen er å få meir merksemd på arbeidet med å styrka psykisk helse og trivsel hjå barn og unge i Sogn. Den regionale planen er meint å vera eit dokument til aktiv bruk og eit felles verktøy som skal prega arbeidet med å styrka barn og unge si psykiske helse.

Planen inneheld felles regionale tiltak:

  1. Samarbeid om satsingsområde, strategiar, fagnettverk og tilgang til eksterne og interne ressursar.
  2. Alle tilsette i barnehagar og skular skal få basiskompetanse innan fem område. Det er lagt opp til 10 timar basisopplæring for alle tilsette, med 2 timar opplæringsøkter for kvart tema:
    - Haldningar og bakgrunnskunnskap
    - Kva som fremjar psykisk helse
    - Kjensler – å forstå dei og handtere dei
    - Risikofaktorar i barnehage og skule
    - Om å handtera teikn på vanskar

Psykisk helse er eit av satsingsområda i utviklingsprogrammet System for styrka læring. Vi har fått midlar frå Fylkesmannen og fylkeskommunen til arbeidet. Planen er utarbeidd i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kommunane er involverte breitt i arbeidet med å utarbeida felles regionale tiltak. Det har vore møte i kommunane og planen var tema på fagnettverksamlinga i vår. Utkast til planen vart sendt til kommunane i oktober for innspel. Programstyret for System for styrka læring handsama planen den 11.11.2016. Sogn regionråd vedtok planen for arbeidet for god psykisk helse for barn og unge i møtet 9. desember 2016.

Den regionale planen går no til kommunane for politisk handsaming. Kommunane må konkretisera og forplikta innsatsen med å styrka barn og unge si psykiske helse.

Regional plan for arbeidet for god psykisk helse hjå barn og unge

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS