Plan for "System for styrka læring" - høyring

Overordna programplan for det regionale samarbeidet "System for styrka læring" er på høyring hos kommunane.

Planen skisserer både bakgrunn og historikk i det regionale samarbeidet på skule- og barnehageområdet, samt hovudmål og dei seks programområda vi skal arbeide med i åra fram mot 2021.

Deltaking, medskaping og kommunalt eigarskap er ein føresetnad for at dette regionale utviklingsprogrammet kan klare å løyse utfordringane vi har fått frå kommunane. Både programstyret og programplanen er eit verktøy for kommunane i Sogn. Kommunane blir i høyringa bedne om å:

  • drøfte utkastet saman med styrarar, rektorar og tillitsvalde
  • sjå spesifikt på samanheng mellom ståstadsanalysane i eigne organisasjonar, utviklingsplanane til skulane og barnehagane – og behov for felles tiltak regionalt
  • kome med konkrete innspel til kvart av dei seks programområda

Høyringsfristen er 4. april. Planen vil bli handsama i neste møte i Sogn regionråd 7. mai.

Framlegg til planprogram "System for styrka læring"
Høyringsbrev

2014-03-25 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut