Politikardag om skulebruksplanen

Sogn regionråd argumenterte for Modell Indre Sogn på politikardagen måndag 27. mai.

Sogn regionråd står samla om Modell Indre Sogn. Jarle Aarvoll, ordførar og nestleiar i Sogn regionråd, presenterte modellen for fylkestinget på politikardagen på fylkeshuset. Modell Indre Sogn møter elevane sine opplæringsbehov, arbeids- og næringslivsbehov i regionen og viser at Indre Sogn tek sitt ansvar for innsparingsmålet.

Ordførar 27.mai 2013 red lite.jpg

I innlegget vart det vist til at fylkesrådmannen si tilråding gir ei skeivfordeling mellom praktiske og teoretiske fag med 35 prosent på yrkesfag og 65 prosent på studiespesialiserande. Fordelinga er omtrent lik i Modell Indre Sogn, og er innretta slik at den ivaretek breidda i tilbodet i regionen.

Rådet meiner det er urimeleg at Sogn skal bera ein betydeleg høgre byrde for innsparinga enn det elevgrunnlaget tilseier. Fylkesrådmannen si tilråding inneber at Indre Sogn skal ta 34 prosent av kutta. I regionrådet sin modell utgjer innsparinga 24 prosent som står i forhold til elevtalsutviklinga i regionen. Regionrådet, kommunane, skulane, tilsette og elevar står samla om Modell Indre Sogn.

Les innlegget her

Fråsegn frå Sogn regionråd 26. april 2013

Fylkestinget vedtek skulebruksplanen i møtet 11.-12. juni.

 

 

 

2013-05-30 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut