Regional analyse for Sogn

Telemarksforsking har laga ein analyse for Sogn om næringsutvikling, folketalsutvikling, scenarioer, innovasjon og utdanning

Telemarksforsking analyserer kva som skuldast strukturelle forhold og kva som skuldast staden sin eigen attraktivitet.

Analysen viser at arbeidsplassutviklinga har vore langt svakare i Sogn enn elles i landet frå 2000. Eit positivt trekk er at arbeidsplassveksten dei siste åra har kome opp på nivå med resten av landet. Dei strukturelle forklaringane på den svake arbeidsplassveksten i Sogn er for det første at store delar av næringslivet i Sogn er i bransjar som har nedgang i Norge, og for det andre er folketalsutviklinga i Sogn svakare enn elles i landet.

Den interne arbeidsmarknadsintegrasjonen er som gjennomsnittet i Sogn. Det er liten pendling ut og inn av regionen. Sogn får dermed ingen draghjelp gjennom å vera knytt til ein større arbeidsmarknad.

Sogn har korkje hatt spesielt høg eller låg bustadattraktivitet. Det er eit klart potensiale for å betre bustadattraktiviteten og få høgare folketalsvekst. Sogn har hatt låg næringsattraktivitet, men ikkje veldig låg. Samla sett har Sogn hatt omtrent nøytral attraktivitet i perioden frå 2000.

Sogn kan få ei betre utvikling enn normalt dersom vi er attraktive for næringsliv og befolkning.

Det finst regionar med same strukturelle utgangspunkt som Sogn som har skapt vekst gjennom høg attraktivitet for næringsliv og befolkning. Telemarksforsking meiner det er ingen spesielle årsaker til at Sogn ikkje skal kunne skape høgare attraktivitet dei neste åra. Det vert framheva at attraktivitet vert skapt gjennom endringar. Stader som ønskjer å vera attraktive må ha ein kontinuerleg prosess der ein stadig endrar, forbetrar og skaper nye stadkvalitetetar. For å forbetra attraktiviteten må vi tenkje og arbeida annleis enn tidlegare. For å få dette til må det skapast samarbeid der det offentlege, næringslivet, frivillige og befolkning samarbeider.

Regional analyse for Sogn, Telemarksforsking 2016

2017-01-04 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut