Regional analyse Sogn

Analysen som Telemarksforsking har laga for Sogn viser at regionen har svak folketals- og arbeidsplassutvikling dei siste åra. Sogn gjer det godt i siste NæringsNM, og er rangert som nummer 20 av 83 regionar.

Sogn har hatt låg vekst i folketalet og veksten har vore langt under veksten på landsbasis. Sogndal skil seg ut med ein høg folketalsvekst, medan fleire av dei andre kommunane i regionen har nedgang i folketalet. Arbeidsplassutviklinga i Sogn er svak og har vore 2,3% sidan 2000, medan den på landsbasis har vore 13,3%.

Telemarksforsking viser i analysen at regionen har ein ugunstig næringsstruktur ved at ein stor det lav næringslivet er i bransjar som har hatt svak vekst eller nedgang. Regionen har låg arbeidsmarknadsintegrasjon. Det er ein del pendling mellom kommunane i regionen, men lite pendling ut og inn av regionen. Samla sett er Sogn ein region som er næringsmessig sårbar.

Analysen viser scenarier for folketalsvekst dersom Sogn oppnår arbeidsplassvekst og betring av bustadsattraktiviteten.

Sogn ligg som nummer 20 i siste NæringsNM, og det er den beste plasseringa regionen har hatt i NæringsNM. Det er mange nyetableringar i Sogn og ein høg del av føretaka har vekst. Sogndal gjer det særleg bra og er nummer fire av samtlege kommunar i landet. Telemarksforsking utfører målinga for NHO, og rangeringa er omtalt i analysen.

Regional analyse Sogn

2013-01-21 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut