Regionalplan for Sogn

Regionalplanen for Sogn 2009-2012 inneheld regionale utfordringar og satsingsområda for regionrådet.

Dei fem satsingsområda i planen er (alfabetisk):

  • Felles bu- og arbeidsmarknad
  • Helse
  • Næringsutvikling - utvikla næringar vi er sterke på
  • Sogndal si rolle som regionsenter
  • Utdanning, skule og kompetanse

Sogn regionråd starta arbeidet med rullering av regionalplanen 2008 med føredrag og gruppearbeid. Formannskapa i alle kommunane gav si prioritering av satsingsområda. Planen vart vedteken i april 2009, og tiltaksdelen blir rullert kvart år.

Arbeidsgruppa for regional utviklingsplan (RUP-gruppa) følgjer opp regionalplanen.

Les strategiplanen for 2009-2012 og tiltaksplanen for 2012.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS