Regionsenterkonferanse

Sogn regionråd og Sogndal kommune arrangerte regionsenterkonferanse den 19. oktober. Samfunnsgeograf Tor Selstad var hovudinnleiar.

Aktuelle problemstillingar for konferansen: Korleis skal eit regionsenter og omlandskommunane utvikla seg til felles gagn og nytte? Kva funksjonar skal eit regionsenter ha ansvaret for? Kvifor er Sogndal som senter i ein bu- og arbeidsmarknadsregion viktig for kommunane i Sogn?

Konferansen samla 50 deltakarar frå dei sju kommunane: Formannskapsmedlemmar, representantar frå ungdomsråda og administrasjonen.

Etter føredraga var det gruppearbeid, presentasjon frå gruppene og debatt. Regionrådet vil arbeida vidare med dei tiltaka som vart føreslått frå gruppene.

Presentasjonane:
Velkomen ved leiar i Sogn regionråd Torodd Urnes
Regionsenteret - til gagn eller trussel for regionen? Professor Tor Selstad, Høgskulen i Lillehammer
Erfaringar frå Stord - regionsenteret i Sunnhordland. Dagleg leiar Anne-Grete Sandtorv, Stord Næringsråd
Distriktspolitiske utviklingstrekk og utfordringar. Professor Tor Selstad

Artikkel i Sogn avis 20.11.2010

Gruppearbeid - svara frå gruppene

Oppsummering - brev til Sogndal kommune 

I forkant av konferansen publiserte Høgskulen i Sogn og Fjordane ein kronikkserie i Sogn avis:
Strategiar for Sogn av professor Oddbjørn Bukve
Reiselivet i Sogn - Korleis auke lønsemda og verdiskapinga? av høgskulelektor Ståle Brandshaug
Frukt, bær og verdiskaping av førstelektor Johannes Idsø
Samferdsla i Midtre Sogn - nytenkning må til av førsteamansuensis Sverre Høgheim

2010-10-20 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut