Sogn regionråd var prosjekteigar og rådet vedtok oppstart av forprosjektet våren 2011. Målet med prosjektet er å styrka samkøyringa av reiselivsutviklinga og auka lønsemda i reiselivet i Sogn.

Rapporten frå forprosjektet med forslag til ny modell var ferdig våren 2012 og kommunane gav deretter si tilslutting til at rådet saman med næringa arbeidde vidare med å etablera eit regionalt reisemålsselskap. Interimstyret utforma forretningsmodell, satsingar og strategiar for Visit Sognefjord, og inviterte i desember 2012 verksemder til å bli aksjonærar i selskapet. Visit Sognefjord AS vart skipa 14. februar 2013. Kontorsstad er Sogndal.

I løpet av prosessen 2011-2013 er følgjande oppnådd:

  • Fullstendig restrukturering av reiselivsnæringa med avvikling av 8 reiselivsselskap og etablert nytt selskap med 150 aksjonærar og aksjekapital på over kr 2,1 mill.
  • Utvikla ny transparent struktur for innbetaling av marknadsbidrag frå medlemsbedrifter og betaling frå kommunar
  • Fått med store nasjonale aktørar på eigarsida
  • Utarbeidd strategisk dokument og forretningsplan for selskapet inkludert prospekt for innhenting av aksjekapital
  • Tilsett reiselivsdirektør, salsjef, marknadsansvarleg, prosjektleiar og teamleiar for turistinformasjon

Dei viktigaste faktorane for suksess i denne prosessen har vore:

  • Gjennomarbeidd statusanalyse
  • Forståring for det informasjonsbehov og dialog alle impliserte aktørar har i ein slik omstruktureringsprosess (endringsleiing)
  • Målretta prosessleiing med høg gjennomføringsevne
  • Breitt samansett styringsgruppe/interimstyre med fokus på resultatoppnåing og rask/effektiv prosessperiode

Nærings- og fiskeridepartementet og Sogn og Fjordane fylkeskommune har gitt tilskot til prosjektet.

Prospekt