Reiselivsorganisering i Sogn

Rapporten frå forprosjektet er ferdigstilt. I rapporten er dagens situasjon kartlagt og det er tilrådd ein ny modell for organiseringa av reiselivet i Sogn.

Målet med prosjektet om reiselivsorganiseringa er å styrka samkøyringa av reiselivsutviklinga og auka lønsemda i reiselivet i Sogn.

Rapporten vil gje kommunane og næringa eit grunnlag til å avgjera om dei ønskjer eit felles regionalt selskap eller ikkje. I prosessen vidare vil Sogn regionråd gje ei tilråding til kommunane om reiselivsorganiseringa i møtet 20. april. Kommunane handsamar tilrådinga frå Sogn regionråd i løpet av mai og juni. Sogn regionråd gjer vedtak på bakgrunn av kommunane sine vedtak i møtet 22. juni.

Rapporten

Om prosjektet 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS