Reiselivsorganisering

Sogn regionråd gjennomfører eit forprosjekt om reiselivsorganiseringa i Sogn.

Målet med prosjektet er å styrka samkøyringa av reiselivsutviklinga og auka lønsemda i reiselivet i Sogn. Rapporten frå forprosjektet er no ferdigstilt. I rapporten er dagens situasjon kartlagt og det er tilrådd ein ny modell for organiseringa av reiselivet i Sogn.

Prosjektleiar: Synnøve Aabrekk, Segel AS. Kontaktinfo: synnove@segel.no, telefon 41 62 28 07.
Dagleg leiar i Sogn regionråd er prosjektansvarleg. 

Sogn regionråd tilrår at kommunane gjer prinsippvedtak om å etablera eit regional reisemålsselskap i Sogn saman med næringa slik som skissert i rapporten. Kommunane handsamar tilrådinga i løpet av juni. Med positive prinsippvedtak får Sogn regionråd i oppdrag å arbeida vidare med etablering av selskapet, jf arbeidsmåten som går fram av saksutgreiinga. Høyanger kommune får tilbod om å delta i selskapet.

Rapport - Reiselivsorganisering i Sogn

Saksframstilling 20. april

Informasjon til næringa, 4. oktober 2011 og prosjektplan 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS