Rekordoppslutning på karrieremessene

300 studentar og arbeidssøkjarar kom til messa i Trondheim og meir enn 600 besøkte Grieghallen i Bergen.

Sognekommunane var ilag om regionstand på begge messene. I Grieghallen stilte over seksti private og offentlege verksemder. Messene er ein god arena å vera synlege på. Dette er åttande året det vert arrangert messe.

Vi ønskjer å vera med i konkurransen når nyutdanna og arbeidssøkande skal gjera sine val for framtida. For å skapa enno meir interesse for regionen tok vi med filmen Kom til Sogn som dei besøkande såg i fellesprogrammet. Filmen viser at det ligg godt til rette for gründerar og for dei som ønskjer ei aktiv fritid i naturen: - Vi tilbyr eit års gratis kontorplass, gratis etableringshjelp og støtte frå næringsfond. Her kan du stå på ski før og etter jobb og vi har nordens beste sykkelstiar.

Vi delte ut premiar til vinnarar av weekendopphald på Kviknes Hotel i Balestrand, festivalpass på High Camp Turtagrø 8.-11.mai, Fjellsportfestivalen i Sogndal 20.-23. februar og Målrock 8.-9. august i Årdal.

Neste messe vert i Oslo 13. mars 2014. Stad: Månefisk. Les meir på nettsida til Framtidsfylket

Sjå filmen Kom til Sogn 

Les brosjyra Beste plassen for gründing i Norge

Sogn avis 4.3.2014 Treng fleire verksemder

Bileta under frå messa i Trondheim 27. januar 2014

Messe Trondheim 2014.jpg

Messe Trondheim 2014[2]_400x1200.jpg

Messe Trondheim 2014[1].jpg

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS