Det var rekordstor deltaking med over 100 personar frå 8 av dei 9 regionrådskommunane. Dei fleste instansane som jobbar tettast på barn og ungdom var representerte, mellom anna barnehagar, skular, PPT, barnevern og helsestasjonar.   

Psykolog i Sogn regionråd, Magnus Lia, ønskte velkommen og informerte om kva som er fokus for Sogn regionråd si satsing innan psykisk helse. Dette handlar særleg om universelle tiltak som kan kome alle barn og unge til gode.

Psykolog og foredragshaldar Tommy Sotkajærvi heldt ei gnistrande innføring i korleis kunnskap om tilknyting, utvikling og regulering av kjensler kan nyttiggjerast i møte med ein variert barnepopulasjon.  

Mot slutten vart deltakarane delt inn i grupper kor dei blant anna diskuterte korleis kunnskapen som vart presentert denne dagen kan nyttast i deira arbeidskvardag. Det var stort engasjement i gruppene. Avslutningsvis summerte Magnus Lia opp dei viktigaste trådane frå dagen og knytta dei opp mot kva dette betyr for dagleg praksis.