Samferdsle er eitt av fire satsingsområde i Sogn regionråd sin regionalplan. Samferdsleplanen for 2016-2018 inneheld overordna rammer, milepælar og prioriterte samferdsletiltak. Planen har eit vedlegg med kommunane sine vegprioriteringar og er basert på tilbakemeldingar frå kommunane.

Utbetring av infrastruktur er viktig for styrka regionen som felles bu-, arbeidsmarknad- og serviceregion, og for å lukkast med næringsutvikling. Planen får fram kva samferdsleløysingar som regionårdet prioriterer. Arbeidet med å betra samferdsleløysingane i og ut av regionen er eit langsiktig og krevjande arbeid. Samstundes vil felles prioriteringar kunne gjera det enklare å få realisert samferdsleprosjekta.

Samferdsleplanen legg grunnlag for Sogn regionråd sine fråsegner til nasjonal transportplan og regional transportplan. Regionen må halda fram med å vera aktive overfor stat og fylkeskommune og slik styrke regionen sine samferdsleinteresser. Å byggja alliansar og samarbeide med naboregionar og næringslivet gjer det også meir sannsynleg at samferdsleprosjekt i vår region vinn fram i dei nasjonale og fylkeskommunale prioriteringane.

Samferdsleplan for 2016-2018

Handlingsplan for 2018