Kommunane i region Sogn har starta arbeidet med å utmeisle strategiane for skule- og barnehageutvikling dei neste 9 åra.
 
”Store oppgåver skal ein ta fatt på, ikkje vurdere”. Ordtaket frå Julius Cæsar teinar eit godt bilete på kommunane, skulane og barnehagane sitt engasjement for å styrke undervisning og opplæringskvalitet i Sogn. Leiar i rådmannsgruppa Kjellaug Brekkhus peikte på det unike i sine opningsord, at åtte kommunar har gått saman i eit 9- åring utviklingsprogram for å styrke kvaliteten på barnehagane og skulane i regionen. Fungerande leiar for Statped Vest, Marit Mjøs, strekte nettopp under kor ambisiøst prosjektet til Sogn regionråd er. Det er både ambisiøst – og realistisk, hevda Mjøs i sitt innlegg.
 
Førsteamanuensis Inger Karin Røe Ødegård frå Høgskulen i Sogn og Fjordane drog fram den entreprenørielle verktøykassa. Kommunane og pedagogane treng fleire verktøy for å snu dei nasjonale utfordringane. Entreprenørielle ferdigheiter vil verte stadig viktigare i skule og lokalsamfunn i Sogn. Jorun Sandsmark frå KS viste til fleire utfordringar, då ho teikna eit omriss av auken i bruk av spesialundervisning. Problemet må sjåast frå fleire hald, og utfordringane er korkje eintydige eller klåre. Sandsmark utfordra deltakarane til å gå inn i desse problemstillingane gjennom KS sitt drøftingshefte om spesialundervisning.
 
- Vi må endre pedagogisk praksis, dersom vi skal endre organisasjonane. Det var mellom anna bodskapen til Turid Mykkeltvedt frå Utdanningsdirektoratet. Ho var siste førelesar på talarstolen, og nytta høve til å innføre deltakarane i bruk av dei elektroniske verktøya ”Ståstadsanalyse” og ”Organisasjonsanalyse”. Desse verktøya skal nyttast i kvar barnehage og i kvar skule i tida framover. Kvar kommune skal ha si kommunevise oppsummering, der Turid Mykkeltvedt vil vere tilstades i den lokale analysen i kvar kommune. Essensen i det nye utviklingsprogrammet ”System for styrka læring” er nettopp vurdere eigne resultat og analysere kva vi kan gjere betre – og samhandle regionalt for nettopp å blir betre på barnehage- og skuleutvikling. Dei store nasjonale måla når vi best gjennom små regionale skritt! 
 

 

 

 

 





Frå venstre: Jorun Sandsmark, Kjellaug Brekkhus, Turid Mykkeltvedt, Inger Karin Røe Ødegård og Marit Mjøs