SmartPark er eit førehandsbetalt elektronisk parkeringskort og er eit alternativ til automat. Ved bruk av kortet treng du ikkje kontantar ved parkering på offentlege avgiftsbelagde parkeringsplassar. Du treng heller ikkje gå til parkeringsautomat.

Gjeld parkering på alle dei offentlege avgiftsbelagde parkeringsplassane i Sogndal kommune.

Ein betalar berre for den tida ein står parkert, sidan kortet sjølv tel ned til oppbrukt parkeringstid. Kortet har stort display, og er enkelt å betjene. Om ein gløymer å slå av kortet, vert det automatisk slått av når maksimum parkeringstid er nådd

Smartpark - elektronisk parkeringskort Pris
Depositum 700
Opplading 500, 1000 eller 2000 (valfritt)

SmartPark får du kjøpt i Tenestetorget på kommunehuset.