Vi ønskjer at Sogn skal bli betre på å sjå innvandrarar som ein ressurs, både i næringslivet og lokalsamfunnet. Regionen vår har behov for ny arbeidskraft, og flyktningar og innvandrarar er ein verdifull ressurs.  

Distriktssenteret blir med, Høgskulen på Vestlandet, NAV Vestland, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, ordførarar og prosjektrådmann i nye Sogndal kommune, og private aktørar som Nyrstar Høyanger og Avery Dennison NTP kjem.

Bli med du òg - og skap vekst gjennom målretta integrering!

Vi får òg besøk av Aiman Shaqura, gründeren som gjekk frå å pussa sko til å omsetje for over 100 millionar. Med fire Gaselle-diplom, turnerer han Noreg for å skaffa flyktningar jobb. Vi håpar han legg igjen litt av lidenskapen sin for inkludering og innovasjon.

Tid: 11. mars 2019, kl. 09-15
Stad: Quality Hotel Sogndal
Målgruppe: Næringsliv, frivillig sektor og offentlege aktørar
Pris: kr 470 per person  

Sjå programmet
Meld deg på her

Påmeldingsfrist: 25. februar 2019.