Deltakarar frå kommunane, næringsliv og frivillig sektor var samla i Sogndal 11. mars for å sjå på korleis vi kan bli betre på å nytte dei moglegheitene som innvandringa bringer med seg i vår region. I arbeidsøkta etter lunsj vart deltakarane utfordra på korleis vi konkret skal gå fram for å ta i bruk innvandrane sine ressursar og skape vekst i Sogn. Innspela frå gruppene blir med i prosjektplanen. 

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane utarbeider prosjektplanen på oppdrag av Sogn regionråd. Vi inviterer deltakarar frå seminaret til å vera med i arbeidet med prosjektplanen.

Seminaret var starten på prosjektet Sogn for alle, og vart arrangert av Sogn regionråd i samarbeid med Distriktssenteret.

Vi vil takke innleiarane for inspirerande foredrag og deltakarane for gode diskusjonar og innspel til vidare arbeid.

Presentasjonane:
Korleis gjere innvandrar til ein ressurs i Sogn? Marianne Solbakken, Distriktssenteret
Vellukka integrering gjennom samarbeid. Berit Flåmo, ordførar Frøya kommune
Jobbloop - ein samarbeidsmodell for inkludering. May Britt Torsnes, HR Manager Nyrstar Høyanger og Bosse Litsheim, Høgskulen på Vestlandet
Fagopplæring for framandspråklege - kva moglegheiter finst? Olav Njøs, NAV Fylkeskontor Vestland​
Oppsummering og vegen vidare. Stig Arne Thune, prosjektrådmann i nye Sogndal kommune

På ettermiddagen heldt Aiman Shaqura også eit foredrag for deltakarar frå introduksjonsprogrammet. Aiman fortalde om korleis han gjekk frå å vera flyktning til å bli gründer, og delte sine erfaringar om å vera ny i Noreg.