Sogn Jord- og Hagebruksskule

På politikardagen argumenterte leiar i Sogn regionråd for at dei nødvendige investeringane vert teke for å sikra vidare drift av skulen

Sogn regionråd fekk høve til å leggja fram vårt syn på Sogn Jord- og Hagebruksskule si framtid på politikardagen måndag 26. mai 2014, dagen før hovudutval for opplæring handsama saka om investeringar og drift ved skulen.

Kommunane i Sogn regionråd støttar opp om arbeidet for å tryggja og utvikla Sogn Jord- og Hagebruksskule, og ordførarane stilte opp på fylkeshuset saman med regionrådsleiar. - Skulen har eit unikt kompetansemiljø som er leiande i landet, og har verdi for regionen, for fylket og for heile landet. Skulen må styrkast og utviklast. Dei samla aktivitetane tilseier at fylket og stat tek dei heilt nødvendige investeringane ved skulen, sa leiar i Sogn regionråd Harald Offerdal.

Presentasjon Sogn Jord- og Hagebruksskule - verdiar for framtida

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS