Kommunane i Sogn har vedteke eit felles 6 årig planprogram for skule- og samfunnsutvikling. To år etter oppstart kan ein vel seie at prosjektet no er godt etablert.

Dato | 
Milepælar i programmet | 
Lenke |

28.05.10 | 
Presentasjon på kommunekonferansen 27.mai | 
ppt presentasjon |

23.10.09 | 
Kva kan kommunane i Sogn regionråd lære av Djengis Khan? | 
ppt presentasjon |

28.09.09 | 
Samling for fagnettverka i grunnskulane og dei vidaregåande skulane i Sogn | 
Program for samlinga |

29.6.09 | 
Skuleleiaropplæringa er organisert rundt eit praktisk arbeid på eigen skule. Oversikt over utviklingsprosjekta for kull 1 er no utarbeidd | 
Utviklingsprosjekt på deltakarskulane kull 1 2007-2009. Oversikt |

12.6.09 | 
Temamøte i regionrådet om skuleeigarrolla. Direktør i KS Utdanning, Eva Lian, innleier. Kommunane presenterer sine prioriteringar | 
Presentasjonen til Eva Lian.
Sjå Aktivitetari menyen til venstre for presentasjonane til kommunane |

Juni 09 | 
Det første kullet avsluttar si to-årige skuleleiaropplæring | 
Gå inn på Skuleleiar i menyen til venstre |

13.3.09 | 
Plan for arbeid i faglege nettverk blir vedteken i rådmannsgruppa i Sogn regionråd som grunnlag for vidare arbeid | 
Strategiplan for faglege nettverk
Det er også utarbeiddd ein
kortversjon som syner modellen og ansvarsfordelinga |

19.2.09 | 
Entreprenørskapsmesse i Balestrand for ungdomsskuleelevar med ca 450 deltakarar | 
Programmet
Stemningsrapport frå messa |

jan. 09 | 
Programstyret for offentleg sektor og IKT tildler Sogn regionråd kr 500 000 av skjønsmidlane til vidareføring av prosjektet ut 2009 | 
Referat frå møtet i programstyret 3.2.09, sak 04/09 |

30.10.08 | 
To-årig skuleleiaropplæring for det andre kullet startar opp med 18 deltakarar | 
|

29.08.08 | 
Regionrådet vedtek mål for det å vere ein god skuleeigar i Sogn. Grunnlag for vidare arbeid med skuleeigarrolla i kommunane | 
Vedtaket i regionrådet (pdf)
Kort ppt presentasjon av "Den gode skuleeigar i Sogn" (Pdf)
Måldokumentet
Tiltaksdel - vedlegg til måldokumentet |

22.8.08 | 
Rådmannsgruppa i Sogn regionråd oppnemner arbeidsgruppe som skal evaluere prosjektet og kome med innspel til korleis det kan vidareførast | 
|

26.05.08 | 
Programstyret vedtek å følgje utviklinga i prosjektet i kommunane ved at møta blir lagt i ulike kommunar. Representantar frå politisk- og adm. nivå, skuler og næringsliv blir invitert | 
Gå inn på "Entreprenørskap" i menyen til venstre |

07.03.08 | 
Prosjektet får eigen logo etter elevkonkurranse. Seremoni i Sogndal kommunestyresal med premieutdeling | 
Vinnarar av konkurranse om beste logo og beste kreative produkt |

26.01.07 | 
Plan for delprogram to "Kommunen som skuleeigar"utarbeidd. Utgangspunkt for drøfting i kommunane om det vidare arbeidet med prosjektet. | 
Plan for delprogram to "Kommunen som skuleeigar" (pdf) |

25.01.08 | 
Arbeidsgruppe som skal kome med innspel til korleis kommunane skal forstå rolla si som skuleeigar, er nedsett. | 
|

05.09.07 | 
Skuleleiaropplæringa startar med 30 deltak-
arar. To-årig opplæring. 30 studiepoeng | 
Program for oppstartsamlinga i Balestrand (word)
Studieplan |

01.08.07 | 
Prosjektleiar startar arbeidet. Tilsett for to år | 
|

24.04.07 | 
Høgskulen vinn anbodet om skuleleiaropplæringa | 
Pressemelding 24.04.2007 (word) |

01.04.07 | 
"Utviklingsprogram for skuleleiarar" | 
Kortversjon av bestillardokument (word) |

11.11.06 | 
"Sats på skulen -snu Sogn" | 
Planprogram desember 2006 (pdf) |

20.10.06 | 
Oppsummering frå gruppearbeid på Vesterland | 
Oppsummering av gruppearbeid (word) |

25.09.06 | 
Dagseminar om skuleutvikling på Vesterland for politikarar, rådmenn og skulefagleg ansvarlege 20. oktober 2006 | 
Invitasjon og program (word) |