Sogn Regionråd
 
 

Venstremeny


Postboks 153
6851 SOGNDAL
Tlf: 57 62 96 00
Faks: 57 62 96 01

E-post:
Dagleg leiar

Fagnettverk for skulane i Sogn

I Indre Sogn samarbeider skulane gjennom faglege nettverk. Ansvaret for nettverka går på omgang mellom skulane. Koordineringa av aktivitetane er fordelte på to skular. Styrking og vidareutvikling av desse nettverka er eitt av tre delprogram i "Sats på skulen - snu Sogn"
Fagnettverka og "Sats på skulen - snu Sogn"
Det tredje delprogrammet i det store samarbeidet om skule som dei åtte kommunane i Indre Sogn har gått saman om, har fagnettverka som satsingsområde. Målet er å oppretthalde og vidareutvikle desse nettverka. Samanheng og god progresjon på dei ulike stega i opplæringsløpet - mellom barnehage og grunnskule og mellom ungdomskule og vidaregåande skule - er viktig skal den einskilde eleven oppleve ei god og tilpassa opplæring. Entreprenørskaptenking i vid tyding av ordet er eit gjennomgåande tema i alle dei tre delprogramma. Det er difor eit mål at entreprenørskap skal vere ein del av lokale læreplanar i fag.
Heile programmet "Sats på skulen - snu Sogn" kan du lese her.
Dersom du berre vil sjå delprogram tre, "Fagnettverk", kan du gå inn her.

Meir om dei faglege samlingane
Program og lenker til presentasjonane på samlingane blir lagt under "Aktivitetar". Sjå menyen på venstre side.

Kven koordinerer arbeidet?
Ingunn Marie Myhren, rektor ved Leikanger ungdomskule, er koordinator for nettverka for ungdomskule og vidaregåande skule.
Linda Øvregard Røhme, rektor på Gaupne skule er koordinator for barneskulenettverka.

Nettverksdag torsdag 13.august 2009
På denne planlegingsdagen blir det nettverksamlingar for matematikk, norsk og engelsk både på barnesteget og for ungdomstrinnet/vgo. Programma blir sende ut i veke 24 med påmeldingsfrist 17. juni. og ligg under Aktivitetar(sjå i menyen til venstre).Oversikt over alle samlingane og fagansvarlege: sjå nedanfor.

Fagnettverk 2009-2010
Styringsgruppa for fagnettverka har eit årleg møte for å evaluere aktiviteten og planleggje komande skuleår. Dei fagansvarlege for nettverka møter då saman med dei to koordinatorane, HSF og prosjektleiar for "Sats på skulen - snu Sogn". På møtet 24.03.09 vart plan for nettverksamlingane komande år lagt, og dato for samlingane bestemt. Ansvaret for å administrere nettverka vart også fordelt jf Oversikt over fagnettverk og fagansvarlege 2009-10. Det er komande skuleår 7 aktive nettverk på ungdomstrinnet og vgo i tillegg til nettverk for rektorar og eit for rådgjevarar. På grunnskulen er det 6 fagnettverk i tillegg til nettverk for fådeltskular.

Komande skuleår skal det prøvast ut ein ny modell for fagleg samarbeid i norsk, matematikk og engelsk for nettverka for ungdomssteget og vgo. Oversikt over den nye modellen og ansvarsfordelinga vart gjennomgått på møtet. Lenkje til strategiplanen finn du i avsnittet nedanfor. Kortversjonen er lagt ut her.

Strategiplan for arbeidet i faglege nettverk
Strategiplanen som grunnlag for vidare arbeid i faglege nettverk, er vedteken på møte i rådmannsgruppa 13.3.09 . Alle involverte partar har hatt planen til uttale. HSF og dei vidaregåande skulane er viktige støttespelarar og samarbeidspartar. Sjå ovanfor.

Fagnettverk 2008-2009
Dette skuleåret er det 5 aktive fagnettverk på barnetrinnet. I tillegg kan det bli nettverk for skuleleiarar. På ungdomskule/vidaregåande skule er det 9 aktive nettverk - då er nettverk for rådgjevarar og for rektorar inkludert. Nettverka har ein til to samlingar dette skuleåret. Program for dei enkelte samlingane finn dersom du går inn på Aktivitetar i menyen til venstre.
Oversikt over nettverksamarbeidet og samlingane 2007-2008 ligg her.





Sist endra av Ingrid Syse, 10.06.2009

Aurland kommune

Balestrand kommune

Leikanger kommune

Luster kommune

Lærdal kommune

Sogndal kommune

Vik kommune

Nettstadskart