Sogn regionråd møtte Midt-Telemarkrådet
I lang tid har regionrådet planlagt ei reise til eit anna regionråd, ei reise i erfaringsutveksling.
29. og 30. september var Sogn regionråd på besøk hjå Midt-Telemarkrådet. Dette rådet består av kommunane Bø, Nome og Sauherad. I møtet orienterte vi og drøfta kva samarbeidsmekanismar vi hadde i dei to ulike råda.
Noko er felles og anna er ulikt. Som oss har dei eit utstrakt interkommunalt tenestesamarbeid og mange felles utviklingsprosjekt.
Midt-Telemark helsekommune var det svært interessant og nyttig å bli informert om.
På same tid kunne vi bidra med korleis vi hadde løyst og ville løyse store samferdsleprosjekt, og vårt prosjekt Sats på skulen – snu Sogn.

I tillegg fekk vi ordførarar rikeleg tid undervegs til å drøfte samferdsle, samhandlingsreforma, regionalplan, reiseliv m.m. Reisa var nyttig for arbeidet med eigne saker, dra meir vekslar på kvarandre og samhandle med andre regionar.
- Jarle Aarvoll -
Sist endra av Berit Røneid,
08.10.2009
|