Sogndal lufthamn - forlenging av rullebane

Sogn regionråd har fått utgreidd tekniske tiltak og kalkyle for å forlenga rullebana på Sogndal lufthamn Haukåsen.

Bakgrunnen er Samferdselsdepartementet si bestilling til Avinor om å avklara ein framtidsretta utvikling av lufthamnene. Avinor skal greia ut og analysera dei lokale flyplassinitiativa og vurdera aktuelle løysingar til Nasjonal Transportplan 2014-2023.
 
Rapporten "Sogndal lufthamn - Forlengelse av rullebane"  er bestilt av Sogn regionråd og inngår som ein delutgreiing til Avinor sitt prosjekt. Rapporten omhandlar dei tekniske tiltaka som må gjerast i samband med forlenging av rullebana til 1199 meter og kalkyle for forlenginga. Ei forlenging vil kosta 103 millionar. Les rapport og kalkyle.

Rapporten er sendt Avinor som underlag for deira vidare arbeid mot Nasjonal Transportplan.

 

2011-12-16 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut