Spansk opning i Årdal

På fagnettverket i spesialundervisning vart det diskutert strategiar og trekk for å styrke ordinær undervisning, og samstundes redusere omfanget i bruk av spesialundervisning.

Ordførar Arild Ingar Lægreid ønskte 90 lærarar frå Sogn velkomen, då fagnettverket i spesialundervisning var samla i Samfunnshuset på Årdalstangen den 28.11.2013. Førelesar for dagen var Marit Mjøs frå Statped Vest. Ho er spesialpedagog, og har mellom anna teke doktorgrad på tilhøvet mellom ordinær undervisning og spesialundervisning. Mjøs synte til ei rekke utfordringar, dillemma og strategiar knytt til spesialundervisning. Driv vi tilpassing av eleven, eller for eleven? Kva tid vert ein personleg læringsstil eller læringsstrategi eit uttrykk for ein lærevanske, eller kva tid er det berre eit døme på ein variasjon innanfor det naturlege mangfaldet i ei elevgruppe?

Mjøs hevda at fokuset må vere på den totale opplæringskvaliteten, sekundært på omfanget av spesialundervisninga. Ho utfordra oss på at redusert bruk av spesialundervisning krev meir spesialpedagogisk kompetanse. Den vanlege skule og det vanlege klasserom må bli ein møteplass for allmenn- og spesialpedagogisk kompetanse. Det trengst ein samordna innsats i kommunen for å redusere omfanget av spesialundervisninga hevda Mjøs. Dei ulike utfordringane knytt til tilpassa opplæring og inkludering oppstår på individnivå, men må løysast på systemnivå. Det er nettopp det kommunane i Sogn regionråd freistar å løyse i fellesskap gjennom programmet ”System for styrka læring”. Då treng vi nettopp å lære oss ulike strategiar og smarte trekk.

Presentasjonen til Marit Mjøs finn du her.

2013-12-02 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut