Kulturdepartementet deler kvart år ut ein del av overskotet frå Norsk Tipping til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv (spelemidlar).  Kommunar, idrettslag, andelslag eller andre kan søkje midlar til bygg og anlegg.

Målgruppe

Følgjande grupper kan stå som søkjar: Kommunar/fylkeskommunar, idrettslag tilslutta NIF eller Samenes Idrettsforbund-Norge, studentsamskipnader og samanslutningar organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund, DNT, Norges Bilsportforbund eller Det Frivillige Skyttervesen.

Følgjande samanslutningar må søkje departementet om godkjenning av sine vedtekter for å kunne søkje om spelemidlar: Aksjeselskap, kommunale føretak, stiftingar, samvirkeføretak og andre samanslutningar.

Kravet om godkjenning av vedtekter gjeld ikkje for burettslag og velforeiningar ved søknad om tilskot til nærmiljøanlegg.

Vilkår

Det kan søkjast om tilskot til anlegg for idrett og friluftsliv (nybygg eller rehabilitering) og til nærmiljøanlegg.

Anlegget ein søkjer om midlar til, må vere ein del av vedteken kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.  Nokre større anlegg må og vere med i regional/fylkeskommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. 

Den kommunale planen vert revidert kvart 4. år, og handlingsprogrammet vert rullert kvart år.

Mindre anlegg som til dømes nærmiljøanlegg og mindre ordinære anlegg kan takast inn i planen ved den årlege rulleringa.

Søknader om spelemidlar må stette dei formelle krav som Kulturdepartementet til ei kvar tid set – sjå føresegner om tilskot til anlegg for idrett og friluftsliv.

Følgjande dokument følgje søknaden:

  • Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning (kommunen eller departementet)

  • Detaljert kostnadsoverslag.

  • Dokumentasjon av dei ulike delane av finansieringsplanen.

  • Plan for drift av anlegget (forvaltning , drift og vedlikehald samt driftsbudsjett)

Dokumentasjon på at søkjar har rett til å nytte grunnen der anlegg ligg/skal liggje.

 

Sjå føresegner om tilskot til anlegg for idrett og friluftsliv for nærare rettleiing.

 

Søknadsprosess

Søknadsskjema og rettleiing for utfylling finn du på departementet sine temasider for Anlegg for idrett og fysisk aktivitet

 

Søkjar fyller ut det elektroniske skjemaet og legg ved naudsynte vedlegg.  Skjemaet vert automatisk sendt til den kommunen der anlegg ligg.

 

I tillegg må søkjar sender søknad om idrettsfunksjonell godkjenning til Sogndal kommune.

Denne søknaden må ha følgjande opplysningar:

  • Opplysningar om kva plass anlegget har i kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.
  • Utgreiing om universell utforming.
  • Situasjonsplan som syner kva område som er til disposisjon for anlegget, og kva utviklingsreservar som er sikra.  Oppdeling i eventuelle byggjesteg skal synast.
  • Behovsoppgåve som forklarer den kartlegginga av behov som er gjort, og resultatet. Det skal særleg gjerast greie for behova til  barn og ungdom.
  • Enkelt kostnadsoverslag.
  • Førebels plan for finansiering og drift av anlegget.
  • Dokumentasjon av tilpassinga av anlegget til bygningar i nærleiken,
  • Planteikningar av alle etasjar.
  • Snitteikningar som syner takhøgd, stigning på eventuelle tribunar og liknande.
  • Fasadeteikningar.

Krava til søknad om idrettsfunksjonell godkjenning for nærmiljøanlegg er noko enklare, sjå føresegnene.   For begge ordningane er det viktig å vere merksam på at arbeidet ikkje må setjast i gang før idrettsfunksjonell godkjenning ligg føre.  Då misser ein retten til å søkje om spelemidlar.

Handsaming

Kommunen kontrollerer om søknaden er formelt i orden og handsamar søknad om idrettsfunksjonell godkjenning.

Prioritering av søknadene og eventuell rullering av kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv vert handsama i formannskap og kommunetyret i desember kvart år.
Idrettsrådet skal ha høve til å gje fråsegn til prioritering av søknadene før den politiske handsaminga.

Kommunen sender vedtak om prioritering av søknadene og eventuell rullering til fylkeskommunen innan 15. januar. 

Fylkeskommunen skal innan 15. mars sende eit oversyn over innkomne søknader til departementet, og får tilbakemelding om storleiken på tildelt sum til fylket innan 1. mai.
Fylkeskommunen fordeler den tildelte summen og gir søkjarane melding innan 1. juni.

Kommunen har ansvar for å oppdatere det sentrale idrettsregisteret.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. oktober til Sogndal kommune for den elektroniske søknaden og søknad om idrettsfunksjonell godkjenning.

Klage

Kulturdepartementet er klageinstans for vedtak som er gjort av fylkeskommunen i saker om søknad om tilskot i form av spelemidlar, jf. forvaltningslova §28 andre ledd.