Springbrett for arbeidet med betra psykisk helse i Sogn

Fredag 3. oktober vart det signert ein partnarskapsavtale for styrking av arbeidet med psykisk helse i barnehagar og skular i medlemskommunane til Sogn regionråd.

Det systematiske arbeidet med betring av psykisk helse i barnehagar og skular byrja i 2012. Då vart det etablert eit regionalt tverrfagleg nettverk. Psykisk helse handlar ikkje om norsk, matematikk eller engelsk – men om alt det ”andre” i skulen; mellommenneskelege relasjonar og læringsmiljø i klasserommet. Eit godt læringsmiljø fremjar læring, meistring og fellesskapet på skulen og i barnehagen.

Vi har framleis eit tverrfagleg nettverk på psykisk helse, men dette fagområdet vaks fram som eit av dei viktigaste i barnehagar og skular i Sogn. Psykisk helse vart teke inn som eitt av dei seks programområda i det regionale barnehage- og skuleutviklingsprogrammet ”System for styrka læring”. Dette programmet har avløyst ”Sats på skulen – snu Sogn” 2006 – 2012. ”System for styrka læring” er eit utviklingsprogram for kommunane i Sogn regionråd i perioden frå 2013 – 2021.

Arbeidsmetodikken i Sogn og resten av fylket er delingskultur og samvirke. Partnarskapsavtalen om ”Sats på barnehagen – snu Sogn” innfridde, og kommunane i Sogn regionråd har gjennomført eit omfattande løft på barnehagesektoren frå 2010 og fram til no. Ein partnarskapsavtale er eit godt verktøy for å systematisere og strukturere eit arbeid, der mange aktørar har felles mål. Betra psykisk helse er eit særskilt viktig mål for mange sentrale samfunnsaktørar. Difor har vi fått med oss Høgskulen i Sogn og Fjordane, Utdanningsforbundet, Regionalt kunnskapssenter for barn og unge og HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen. Saman skal vi arbeide for betra psykisk helse i barnehagar og skular i Sogn fram mot 2021.

Partnarskapsavtalen

Omtale i Sogn avis måndag 6.10.2014

Leiar i Sogn Avis tysdag 07.10.2014

psykisk helse 1©Hanne Stedje, Sogn avis red.jpg

Leiar Reidar Jacobsen ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge Vest, professor Bente Wold ved Hemil-senteret, rektor Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, hovudtillitsvald Anne Siri Bentsen i Utdanningsforbundet og Ivar Kvalen, ordførar i Luster og leiar i programstyret System for styrka læring signerte partnarskapsavtalen 3. oktober. (Foto: Hanne Stedje/Sogn avis)

2014-10-08 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut