Studentarbeid om heilårs reiseliv

Sogn regionråd ønskjer meir kunnskap om korleis utvikla heilårs reiseliv. Studentar på reiselivslinja har innhenta informasjon til analysen.

Tre studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har skrive bacheloroppgåve om heilårs reiseliv. Dei har innhenta informasjon frå turistar og bedrifter gjennom intervju/spørjeskjema og frå statistikk og trendanalysar. Arbeidet til studentane inngår i analysen som Segel AS lagar på oppdrag frå Sogn regionråd.

003 besk.jpg
Sara Bühler, Marianna Løvlid og Marthe Grande har henta inn informasjon til produkt- og marknadsanalysen for heilårs reiseliv

Sogn regionråd samarbeider med Visit Sognefjord om produkt- og marknadsanalysen for heilårs reiseliv. Analysen kan Visit Sognefjord og reiselivsaktørane bruka i produktutvikling og marknadskommunikasjon.

Synnøve Aabrekk, Segel, presenterte funna frå undersøkingane i regionrådsmøtet 7. mai, sjå presentasjon

Analysen frå Segel vil bli ferdigstilt i slutten av mai og vil bli lagt fram i neste regionrådsmøte.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS