Styrarnettverket i Sogn tek styringa

Barnehagane i Sogn er i full sving med å realisere dei politiske vedtaka i kommunestyra og Sogn regionråd – om å realisere lærande regionale nettverk som metode for kvalitetsutvikling av barnehagesektoren

Den 30. april 2010 vedtok Sogn regionråd ei omfattande og ambisiøs satsing på barnehagesektoren i Sogn; formell leiarutdanning for styrarar, assisterande styrarar og pedagogiske leiarar på avdelingane – samt å etablere og realisere metoden ”regionale lærande nettverk”.

61 styrarar og pedagogiske leiarar har no teke 30 studiepoeng i leiing ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. I initieringsfasen byrja vi med ”Barnehagestemne” for alle tilsette i barnehagane i Sogn. Då møttast vel 440 på planleggingsdagen i januar 2013 og i 2014. Fokus var introduksjon av metoden fagnettverk. Sidan har dei åtte kommunane delt dei sju fagområda i rammeplanen for barnehagane. Aurland og Lærdal har ansvar for ”Tal, rom og form”, medan dei seks andre kommunane har ansvar for kvart sitt regionale nettverk. Dei ”nettverksansvarlege” er arbeidsgruppene på om lag tre personar på avdelingsnivå rundt om i barnehagane i Sogn. Det er dei som planlegg og driv nettverka.

På styrarmøtet 03.02.2015 gjorde vi opp mellombels status, og det ser ut til at vi er komne godt i gang med implementeringsfasen. Det er aukande pågang om å få vere med på nettverka. Saman med nettverkssamlinga to gonger i året, har også dei nettverksansvarlege ansvar for studietur. Anna kvart år reiser eitt av nettverka på tur. Vi har vore i Bergen, Oslo, København og i mars 2015 reiser nettverket i ”Kropp, rørsle og helse” til Reykjavik. Andre nettverk satsar på at turane går til Svalbard og Roma…

Poenget er at saman blir vi sterke, og saman får vi til utvikling som barnehagane og kommunane elles ikkje kunne ha klart. Og – når kommunane samarbeidar slik, blir Høgskulen i Sogn og Fjordane interessert i å vere med på utviklingsarbeidet. HiSF er, som alltid, ein viktig alliert i kvalitetsutviklinga.

Presentasjon av ”Lærande nettverk – ei metode for kvalitetsutvikling av barnehagesektoren”

Prosedyre for fagnettverka i Sogn regionråd                              

Sjå elles den eigne nettsida vår for barnehageutvikling: http://fagnettverk.wikispaces.com/Heim

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS