Urbanisering spreier seg i dag over heile verda, men i Noreg har vi lukkast betre enn mange andre i å ta vare på levande lokalsamfunn i heile landet. Ein viktig del av dette er å ha gode offentlege tilbod, og moglegheiter for både fellesskap og enkeltmenneske også utanfor byane. No er stadig fleire små stader under press. Tenester og arbeidsplassar blir flytta, og sentraliseringa er sterkare enn før. Det finst tydelege politiske røyster som er mot denne utviklinga. Men vi treng å utvikla nye løysingar. Nye næringsvegar, ny teknologi og press på offentlege ressursar gir nye moglegheiter og nye utfordringar. 

Kva skal vi – og ikkje minst politikken – gjera for å sørgje for at levande, gode lokalsamfunn også blir viktig i Noreg si framtid? Kva må vi ta vare på, kva må vi endra og kva treng vi av nye tiltak? 

Tankesmien Agenda jobbar med eit nytt notat om framtidas levande lokalsamfunn, og i dette arbeidet treng vi di hjelp. Derfor inviterer Agenda deg, i samarbeid med Sogn regionråd, til å dela tankar på eit arbeidsmøte. Det er viktig for oss å få med deg som ekspert på nettopp din region, din sektor og di næring for å finna dei gode løysingane.

Innspela fra møtet vil Agenda bruka i utvikling av ny politikk, og for å setja desse spørsmåla enno høgare på den nasjonale dagsorden. Regionspolitikarane som deltek vil også ta med seg innspel og kunnskap frå møta for å fortsetja å jobba for distriktsutvikling i regionen. 

Vi håper du vil delta og skapa nye løysingar for gode liv i heile landet! 

Stad: Øren Hotell, Høyanger
Tid: Torsdag 4. mai 2017 kl 1500-1700
Det blir enkel servering på møtet.

Påmelding: http://pamelding.sogn.regionraad.no/
Påmeldingsfrist er 27. april 2017

Agenda er ein partipolitisk uavhengig tankesmie som medverkar til samfunnsanalyse og politikkutvikling. Tankesmien Agenda skal styrke det offentlege ordskiftet gjennom kunnskapsformidling, utgreiingar, meiningsutveksling og forslag til nye politiske løysingar. Informasjonen Agenda samlar, skal brukast til å utvikla politikk og gje innspel til dei partia som kjem til å danna regjering til hausten, uavhengig av kven det blir. Les meir om Agenda her.