Hovudmålet med System for styrka læring er ”Auka læringsutbytte for alle gjennom auka bruk av tilpassa opplæring og redusert bruk av spesialundervisning”. Den 11. februar 2015 startar eit pilotprosjekt, der kommunane får høve til å melde på interesserte skular. Pilotprosjektet ”Frå spesialundervisning til tilpassa opplæring” vil gå over om lag to år, der skulane vil arbeide i ei prosjektgruppe med eksterne ressursar. Saman med utviklingsrettleiar Inger Marie Evjestad og programleiar Claus Røynesdal vil Statped Vest, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Utdanningsdirektoratet bidra i prosjektet.

Programstyret i System for styrka læring inviterer også til ein kursdag for rektorar, styrarar, administrativ skule- og barnehageeigar og dei tillitsvalde. Saman med dr.polit Wiggo Hustad frå Deloitte vil programstyret stå for gjennomføringa av dagen.

Entreprenørskap og psykisk helse er også to viktige satsingar i 2015. Det blir entreprenørskapsmesse for alle ungdomsskulane i Sogn den 6. mai, og kommunane får i tillegg tilbod frå Høgskulen om eit formelt studium i entreprenørskap på 30 studiepoeng. Tverrfagleg nettverk i psykisk helse har samling 19. mars, og kommunane får framleis tilbod om opplæring av pedagogisk personale på skulane i bruk av verktøyet ”Psykologisk førstehjelp”.

Handlingsplan for 2015