Utviklingsrettleiar i Sogn

Inger Marie Evjestad er tilsett som utviklingsrettleiar for ungdomsskulane i Sogn

Inger Marie Evjestad har erfaring med å leia utviklings- og rettleiingsarbeid, og har leiarefaring som rektor og oppvekstleiar. Ho har sidan hausten 2012 vore tilsett som prosjektleiar for GNIST for Fylkesmannen, ei stilling ho kjem til å halda fram i deltid fram til sommaren.

Utviklingsrettleiaren kjem til å vera tett på dei 12 ungdomsskulane i regionen. Ho skal tilby støtte og rettleiing til skuleeigarane og skuleleiarane i samsvar med den nasjonale satsinga "ungdomstrinn i utvikling". Stillinga i Sogn er ein av fire stillingar i fylket og ein av 50 i heile landet.

Stillinga blir samordna med Sogn regionråd sitt skuleutviklingsprogram.

 

2014-02-03 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut